• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fiskeridirektoratet
  • Enkeltrapporter og andre diverse publikasjoner
  • View Item
  •   Home
  • Fiskeridirektoratet
  • Enkeltrapporter og andre diverse publikasjoner
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Tilsyn 2020 - Miljøpåverknad frå legemiddel - Utdrag av evalueringsrapport

Torvik, Magnus
Report
Published version
Thumbnail
View/Open
tilsyn-2020-Miljøpåverknad-frå-legemiddel-Utdrag-av-evalueringsrapport (1).pdf (1.254Mb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/3159071
Date
2021
Metadata
Show full item record
Collections
  • Enkeltrapporter og andre diverse publikasjoner [118]
Abstract
Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein tilsynskampanje med mål om å undersøkje om verksemdene gjennom sine internkontrollsystem sikrar miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel. Fiskeridirektoratet gjennomførte 22 tilsyn i kampanjeperioden, noko som gav totalt 70 avvik og 23 forbetringspunkt. Tilsynet avdekte sju tilfelle med klare brot på forbodet mot å sleppe ut legemiddel nærare enn 500 meter frå rekefelt og gytefelt.

Resultata frå tilsynskampanjen viser at verksemdene utøver internkontroll i arbeidet med å kartleggje og redusere dei negative miljøeffektane frå utslepp av legemiddel. Korleis selskapa vurderer om eit utslepp av legemiddel mot lakselus er miljømessig forsvarleg, varierer både i innhald og kvalitet. Ikkje alle selskap har hatt like mykje fokus på at legemiddel kan ha negative konsekvensar for miljøet.

Resultata frå tilsynskampanjen tyder på at både regelverket og Fiskeridirektoratets rettleiing til regelverket ikkje er godt nok implementert i internkontrollsystema til akvakulturverksemdene. I dei fleste tilfella kor vi har avdekt at akvakulturverksemdene bryt regelverket, ser det ut til at verksemdene har for lite kunnskap om miljøet kring oppdrettsanlegget.

Tilsynskampanjen avdekte samla sett eit relativt stort tal avvik, noko som viser at det var viktig å sette miljøpåverknad frå legemiddel som eit prioritert område for tilsyn i 2020. Fiskeridirektoratet har gjennom tilsyna formidla ut våre forventingar til næringa når det gjeld bruk og utslepp av legemiddel. Verksemdene som har hatt tilsyn har på si side gjennomført forbetringar som skal sørgje for at regelverket blir etterlevd, og vi vurderer at tilsyna har hatt god effekt.
Publisher
Fiskeridirektoratet
Copyright
Fiskeridirektoratet

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit